Kjøpe - Selge -Leie- Bytte - Gis bort i Førde og omegn

Informasjon om
Kjøpe - Selge - Leie - Bytte - Gis bort i Førde og omegn:

Denne sida er berekna for kjøp og salg mellom privatpersonar, ikkje for firma butikkar/nettbutikkar/massesalg av nye produkt osv

Sida er meint som hjelp til folk som vil bli kvitt ting dei ikkje lengre treng, og for folk som er på jakt etter å få/kjøpe ting billig.
Salg av heimelaga produkt/husflid er lov.

Link til sider for å vise til pris/spesifikasjonar av det ein sel brukt er lov.

Link til eigne annonsar på finn.no/zett.no o.l er også lov.

Vi tillet IKKJE salg av våpen!
(under her kjem også luftpistolar, softgun ++).
Vi tillet heller ikkje salg av sigarettar, tobakk, alkohol og liknande.
Annonsar som bryt med dette vert fjerna!


-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-


Nokre viktige punkt du som medlem av denne gruppa må hugse:

1. ALT KJØP OG SALG SKJER PÅ EIGE ANSVAR!
Vi kan ikkje gjere så mykje med uteblitt betaling, manglande levering av varer eller at kjøpar/selgar ikkje har tatt kontakt eller dukka opp som avtalt. Skulle du oppleve dette så set vi pris på at du gir beskjed slik at vi kan sende ein advarsel til vedkommande.

2. Skriv BEST MULEG INFORMASJON om det du vil selge.
Kva du skal selge, merke, modell, alder, tilstand, mykje/lite brukt, nypris (dagens nypris, ikkje det du betalte då du kjøpte for 5 år sidan...)
Bilde er også noko dei interesserte synes er veldig kjekt!

3. BRUK AV BILDER OG ALBUM:
Legg du ut 1 gjenstand/objekt legg du ut på vanleg vis.
Legg du ut 3 eller fleire oppfordrar vi på det sterkaste at dei vert lagt i album.

4. DYTTING og RE-POSTING AV INNLEGG

DYTTING AV INNLEGG vil seie å kommentere eigne innlegg berre for å få dei opp på sida.

Vi ynskjer at det går opp mot 24 timar UTAN AKTIVITET på innlegget før ein gjer dette, og det skal helst skje ved at ein legg til NY INFO eller NY PRIS, eller ved at ein skriv ein kommentar som ein deretter slettar igjen.

Innlegg SKAL IKKJE dyttast opp ved bruk av "...", "dytt", "bump", "opp", ":)"

RE-POSTING AV INNLEGG vil seie å poste samme innlegget på nytt.
Dette er lov 1 GONG I DØGNET, og pass då på at du slettar det
gamle innlegget ditt!

INNLEGG VI SER SOM VERT DYTTA/RE-POSTA PÅ FEIL MÅTE ELLER OFTARE VERT SLETTA UTAN ØVRIG VARSEL!

5. Du skal behandle andre slik du ønsker å bli behandla sjølv!
Å vise respekt for andre mennesker skal ein også gjere på Facebook..

UTESTENGING:
Dersom ein person har gjentekne brot på gruppereglane, kan ein bli permanent utestengt frå gruppa.

-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-_-

ADMINISTRATORAR:

Therese Solheim
Silje-Karin Hjellbrekke
Silje Furset Tolstadløkken

Ta kontakt dersom du treng hjelp eller lurar på noko.
Den enklaste måten å komme i kontakt med oss er ved å sende melding i innboks.

Når det er sagt så vil vi minne om at vi er her på frivilleg basis, og at vi ikkje er pålogga døgnet rundt.
Er vi pålogga tek vi ting der og då, men av og til kan det gå litt tid.